Tilbydarane konkurrerer om å få drive ferjesambanda i ein 8-års periode frå 1. januar 2011. Desse tilboda kom inn:

Tilbod nr

Tilbodssum

1

599.053.000,-

2

625.116.000,-

3

659.540.000,-

- Statens vegvesen skal no gå gjennom alle tilboda for å sjekke at alle formelle og tekniske krav i konkurransegrunnlaget er oppfylt. Ved vurdering av tilboda blir det økonomisk mest fordelaktige tilbodet valt. Innan tre månader skal det vera avgjort kven som skal drive desse ferjesambanda, seier kontaktperson på ferjeseksjonen, Anne Jorunn Fjærestad.

Den som vinn konkurransen har ansvar for å setje inn ferjemateriell som stettar krava som er skildra i konkurransegrunnlaget. Ferjerutene må også utførast slik dei er skissert i konkurransegrunnlaget.

Statens vegvesen samarbeidar med Hordaland fylkeskommune om denne tilbodsutlysinga.

Til informasjon

Konkurranseutsetjing i ferjedrifta er mellom anna regulert av Forskrift om anbod i lokal rutetransport. Denne forskrifta gir oppdragsgjevar høve til å offentleggjere prisane på tilboda, men ikkje namna på dei som har levert tilbod.