Noreg er eit av fire europeiske land utan krav til høgdeavgrensing på kjøretøy. No foreslår ein å innføre maksimalhøgde på 4 meter på kjøretøy også i Noreg. [10.03.2010]
Eit av fire land utan krav til høgdeavgrensing
30 europeiske land har alt slutta seg til EU sitt direktiv om harmoniserte høgdekrav, mens berre tre andre land har fråveke
dette kravet. Island og Finland har innført høgdeavgrensing på 4,20 meter på kjøretøy, mens Irland har ei høgdeavgrensing
på 4,65 meter. Saman med Noreg er det berre Sverige, England og Frankrike som ikkje har innført høgdeavgrensing.
Maksimalhøgde av omsyn til trafikktryggleik
I januar 2010 sende Statens vegvesen ut eit forslag om innføring av høgdeavgrensing på kjøretøy i Noreg. Høringsfristen går
ut 21. mars og forslaget om innføring av maksimalhøgde på alle nye kjøretøy vil tidlegast kunne gjelde frå 1. januar 2011.
– Forslaget om maksimalhøgde fremmast hovudsakelig av omsyn til trafikktryggleiken, seier saksbehandlar i Vegdirektoratet,
Thomas Tangvik Magnussen.
Reduserer faren for velteulykker
Betre kjøreeigenskapar og stabilitet for tunge kjøretøy er hovudårsaken til at forslaget nå fremmast. Innføring av høgdeavgrensing
er ein av fleire faktorar som vil auke kjøretøyas stabilitet, noko som igjen vil redusere faren for velteulykker. Statens
vegvesen vurderer det også slik at innføring av maksimalhøgde på kjøretøy vil redusere omfanget av sentrisk kjøring i tunnelar
og dermed redusere faren for møteulykker.
Ei høgdeavgrensing vil også minske omfanget av materielle skader på tunnelar og undergangar. Det foreslåast unntak for spesialtransportar med udeleleg last. – For å gje marknaden tid til å tilpasse seg det eventuelt nye høgdekravet, foreslåast det at maksimalhøgde på 4 meter skal gjelde for kjøretøy som registrerast frå og med 1. januar 2011. Det vert òg foreslått at kjøretøy registrert før denne dato kan nyttast i ein overgangsperiode fram til og med 31. desember 2020, fortel Magnussen.