500 millioner i året til rassikring av fylkesveg

Samferdselsdepartementet la i dag fram handlingsplan for rassikring på fylkesvegnettet for perioden 2010-2019 med særleg vekt på dei første fire åra. Ramma på 500 mill årleg er fordelt på prosjekt og fylke slik regjeringa tidlegare har varsla. [18.03.2010]

Regjeringa varsla i Nasjonal transportplan ein gjennomsnittleg årleg innsats på ein milliard kroner til rassikring i 10-årsperioden 2010-2019. Desse midlane vert fordelt med halvparten på riks- og halvparten på fylkesvegnettet.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa la på pressekonferansen i dag vekt på at meir rassikre vegar gir færre ulukker, meir påliteleg transport og reduserte kostnader for folk og næringsliv.

I  2010 er det ikkje tilstrekkeleg med avklara planar for å nå målet. Det er difor sett av 850 mill. kroner til særskilte rassikringstiltak. Beløpet er likevel ein auke på nær 410 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009. For 2010 er rassikringsmidlane fordelte med 350 mill. kroner til riksvegnettet og 500 mill. kroner til fylkesvegnettet.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og statsråd Magnhild Meltveit KleppaVegdirektør Terje Moe Gustavsen og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa under pressetreff om fordeling av midler til rassikring.