Ferske fakta om føre

Frå i haust kan entreprenørar i enkelte område sjå nøyaktig når dei må brøyte og salte. Statens vegvesen skal no teste eit system som gir oppdaterte prognoser kvar time. [03.09.2010]

Det er stor variasjon i temperaturen både i lufta og på vegbana innafor eit kontraktsområde,  og entreprenørane er avhengige av data frå verstasjonane for å avgjere når dei må brøyte og strø. Medan yr.no viser veret for eit område, vil Statens vegvesen "leggje" prognoser ned på vegstrekningar på til dømes to hundre meter.

– På nettportalen ”Vegvær”  kan entreprenørane få eit betre grunnlag for når dei skal gjere tiltak. Ved hjelp av prognoser som blir presentert i både kart og grafer, skal dei kunne gjere rett tiltak til rett tid. Det skal gje betre kjøyretilhøve, mindre miljøbelastning og færre ulykker. Kategoriane vi kan melde er tørt, vått, isglatt, snø, snøfokk med svak/sterk vind og underkjølt regn, i tillegg til vegbanetemperatur. Så om det til dømes er fare for rim klokka 12, vil entreprenørane kunne rykke ut å salte i rett tid, seier prosjektleiar Stine Mikalsen i Statens vegvesen.

Systemet skal no bli testa av entreprenørar langs hovudvegar i Østfold, på rv. 52 i Hemsedal og på rv. 136 Lesja. I løpet av vinteren skal dei teste prognosane, og gi tilbakemelding slik at Vegvesenet kan utvikle systemet.

Mange fordelar

– Det blir lettare for entreprenøren å planlegge og bemanne, og entreprenørane kan få ein meir strukturert arbeidsdag samstundes som vedlikehaldet er godt nok. Dette er også eit nyttig verktøy for byggherremiljøet. Ut i frå prognosane kan dei sjekke om entreprenørane salta når dei skulle, seier Mikalsen.

Nasjonalt system

Det finst mykje verdata og mange kjelder, men problemet er at informasjonen ikkje er sydd saman og presentert på ein enkel måte. Dessutan har kvar region ulike system.

– Entreprenørane i heile landet får i haust tilgang til den nye web-løysinga, men i fyrste omgang er det berre prognoser på vegbanar i Østfold og på dei to fjellovergangane. Vi skal utvide prognoseområda og byggje opp eit nasjonalt system der vi samlar inn og viser data frå Vegvesenet sine 250 verstasjonar. Men for å få ut ønskja prognoser må desse stasjonane ha ein viss standard. Det er regionane som eig og driftar dette, og dei fleste har lite midlar til dette, seier Mikalsen.

Interessant for fleire

Forutan entreprenørar er dette interessant informasjon for Meteorologisk intstitutt, Storm Weather Center, Norges Geotekniske institutt, trafikkradiostasjonar og privatbilistar.

– Entreprenørane skal rapportere kva slags tiltak dei har gjort. På sikt ønskjer vi at også bilistane skal kunne få "vår" informasjon på den nye trafikkportalen som NRK, Statens vegvesen og Trafikanten og Ruter utviklar i lag. Til dømes når det vart brøyta på Hardangervidda og om det er salta på veger der det er meldt om glatt føre, avsluttar prosjektleiaren.

Les meir i etatsavisa Vegen og vi.