Kortare veg – lågare utslepp

To byggeprosjekt som kortar inn vegen mellom aust og vest med over 30 kilometer, E134 Århus-Gvammen i Telemark (11 km) og rv. 7 Sokna-Ørgenvika i Buskerud (21 km), kan redusere dei årlege CO2-utsleppa med over 20 000 tonn. [03.09.2010]

Det viser utrekningar gjort under planlegginga av dei to vegprosjekta som skal byggjast dei neste fem-seks åra. Næringslivet sine transportkostnadar er utrekna til å bli redusert med nær ein milliard kroner årleg som følgje av vegprosjekta. 

For Sokna-Ørgenvika er det rekna ut at samla kjørelengde vert redusert med om lag 20 millionar kilometer. Den nye vegen mellom Ringerike og Krødsherad gjer dette vegprosjektet til eit av dei mest samfunnsnyttige i landet. Bygginga av ny rv. 7 Sokna-Ørgenvika er venta å starte i 2011 og skal stå ferdig i 2014. E134 Gvammen-Århus mellom Hjartdal og Seljord i Telemark skal etter planen starte i 2012 og stå ferdig i 2016.

Les meir i etasavisa Vegen og vi.


Fakta om prosjekta

Sokna-Ørgenvika får samla kjørelengde på 17,2 km med to lange tunnelar på 2,8 og 3,8 kilometer. Prosjektet er rekna å koste om lag 1,5 milliardar kroner og skal delvis bompengefinansierast. Ved opninga vil det etter berekningane koste 63 kroner for privatbiler og 160 kroner for tunge kjøretøy å bruke snarvegen mot Hallingdal og Vestlandet. Reisetida mellom Ringerike og Krødsherad blir korta ned med om lag 20 minutt

E134 Gvammen-Århus i Telemark blir ein 11,6 kilometer lang veg der 9,4 km går i tunnel under Mælefjell. Utrekna nedkorting i reisetid blir om lag 8-10 minutt og nesten det dobbelte for tungbiler på grunn av hårnålsvingane og høgdeforskjellen på dagens trase over Nutheimkleivene. Kostnadane for prosjektet er berekna til om lag 1,1 milliardar kroner. Dette er ikkje eit bompengeprosjekt.