Ei rekkje nye underentreprisar og kontrakter under stålarbeidet med bygging av Hardangerbrua er på plass.
[05.01.2010]
Den britiske stålprodusenten Goodwin i Stoke er i gang med produksjonen av sadlar og hengestangfeste, ei kontrakt til 75 millionar
kroner. Det skal byggjast sadlar både til brutårna og spreiekammerane for kablane til brua. Hengestangsfesta skal kopla hengestengene
fast til kablane og til stålkassen på brua. I tillegg skal Goodwin produsere 10 av dei tilsaman 130 hengestengene til Hardangerbrua, nemleg dei som blir bygde i smidd
stål. Goodwin skal levere tårnsadlane hausten 2010, medan resten av leveransen skjer våren og hausten 2011.
Europa og Aust-Asia Dei øvrige 120 hengestengene blir produserte av Arcelor Mittal i Bresse, nær Lyon i Frankrike. Dette er ein leveranse til
kring 12 millionar kroner. Danske MT Højgaard AS har som kjent hovudentreprisen for stålarbeidet på Hardangerbrua. Dei har også fått kontrakta på levering
av forankringsstag med plater og kabelsko. Høigaard har vald underentreprenørar for desse oppdraga. Forankringsstaga skal
leverast av OME, som held til ved Milano i Italia. Plateproduksjonen er delt i to jamnstore delar, med produsentar i Polen
og Vietnam. Produksjon av kabelsko blir utført av Qilu Special Steel, som held til nær Shanghai i Kina.
Inspeksjonar Statens vegvesen har elles gjort avtale om kjøp av inspeksjonstenester for å følgje opp dei aktuelle leverandørane utanlands.
Inspecta – tidlegare Øst Tech - har fått oppdraget med slike tenester ved stålkasseproduksjonen som startar i Shanghai i mars
i år, samt ved støyperiet for støypestål til Goodwin i England. Veritas skal ha tilsvarande oppgåver for produksjon av hengestenger i Frankrike og kablar ved fabrikken til Bridon Ltd., Doncaster
i England. Her starta produksjonen sist haust, og vil pågå eitt års tid ved fabrikken. Leveransane kjem fortløpande frå komande
sommar til sommaren 2011.
http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119971.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f293736286874646977656c616373&_ts=125fdd68098http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119971.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f29303435286874646977656c616373&_ts=125fdd68098Sjefsingeniør Asbjørn Valen i Statens vegvesen studerer støypeform for spreiesadel på Goodwin sitt støyperi i England.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119971.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=125fdd68098Sjefsingeniør Asbjørn Valen i Statens vegvesen studerer støypeform for spreiesadel på Goodwin sitt støyperi i England. (Foto:
Ingar Fasteland)
http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119972.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f293736286874646977656c616373&_ts=125fdd7c4d0http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119972.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f29303435286874646977656c616373&_ts=125fdd7c4d0Asbjørn Valen studerar byggjeform til tårnsadelen.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119972.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=125fdd7c4d0Asbjørn Valen studerar byggjeform til tårnsadelen. (Foto: Ingar Fasteland)http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119973.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f293736286874646977656c616373&_ts=125fdd8bae8http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119973.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f29303435286874646977656c616373&_ts=125fdd8bae8Utstøypt stål til prosedyreprøver for brusadlane.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119973.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=125fdd8bae8Utstøypt stål til prosedyreprøver for brusadlane. (Foto: Ingar Fasteland)http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119974.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f293736286874646977656c616373&_ts=125fdd99990http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119974.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f29303435286874646977656c616373&_ts=125fdd99990Modell av underlager på spreiesadel for Hardangerbrua.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119974.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=125fdd99990Modell av underlager på spreiesadel for Hardangerbrua. (Foto: Ingar Fasteland)http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119975.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f293736286874646977656c616373&_ts=125fdda9390http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119975.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f29303435286874646977656c616373&_ts=125fdda9390Hengestangfester til Oakland Bay Bridge i USA.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis/_image/119975.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=125fdda9390Hengestangfester til Oakland Bay Bridge i USA. (Foto: Ingar Fasteland)