- Vi er godt nøgde med interessa for oppdraget - så langt, seier byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen.
Samtlege var også med på ei synfaring etter konferansen, der følgjet gjekk gjennom heile den knappe to kilometer lange vegparsellen mellom Bu og Bugjelet.
To omkøyringsvegar
Anbodsfristen er 29. februar, og det er von om byggjestart til våren. Det blir bygd to omkøyringsvegar i byggjeperioden, mellom anna av omsyn til skifte av massar over eit inntil 12 meter djupt myrområde. All trafikk er tilbake på den nye rv. 13 innan 29. april 2013, som er ein delfrist for entreprenøren. Heile prosjektet skal vera levert 1. oktober 2013.
Noko ventetid
Det er elles viktig at anleggsdrifta blir samordna med byggjesteg 2 Kobbestille-Bugjelet, som pågår fram til november 2012, samt byggjearbeidet på Hardangerbrua. Det er eit mål at trafikken skal gå mest mogleg uhindra gjennom Bu-området i anleggsperioden, men det kan bli same omfang av stengingar mellom Bugjelet og Bu, som det i 2012 vil vera mellom Kobbestille og Bugjelet. Det vil seia i verste fall ei ventetid på inntil ein time.
Betre for bussar
Nyanlegget omfattar ny to-feltsveg på 7,5 meters breidde i tillegg til gang- og sykkelveg på 3,5-4 meter på heile den 1.880
meter lange vegstrekninga. Det blir og ei sanering av dagens avkøyrsler. Vidare blir det bygd 3 landbruks-undergangar og ein
krøtterundergang. Vegen blir dimensjonert til ein fart på 80 km/t og forventa gjennomsnittstrafikk på årsbasis (ÅDT) er 2.500
køyretøy, etter bruåopninga i 2013.
Nyevegen vil og gje betre tider for busstransporten, med fire busslommer og såkalla universell utforming. I dag er det busstogg
utan lommer, og heller dårlege trafikk-tilhøve når bussen stoggar på rv. 13 forbi Bu.
