Reguleringsplanen er ein oppgradert del av strekninga Øvre Granvin–Voss grense i kommunedelplan, godkjend i 1996.

Tilstøytande strekning (med Tunsbergtunnelen) opna 20. desember i 2011, som ein del av Vossapakko.

Tunnelen i det gamle planforslaget låg opphavleg inne i same pakke som ein 400 meter lang miljøtunnel bak busetnaden i Øvre Granvin. Denne vart tatt ut av Vossapakko fordi det i 2007 gjekk ras like aust om planlagt tunnelpåhogg ved Granvinsvatnet, og ein såg at det var naudsynt å byggje ein betydeleg lengre tunnel på ca 1900 m forbi det rasfarlege Joberget.

Reguleringsplan med ny og lengre tunnel vart godkjend i Granvin herad 14. desember 2011.