Historikk

Arealdelen av kommuneplanen for Høyanger 1993–2004 viser veg langs eksisterande trasé.

I samband med utarbeiding av NTP (Nasjonal Transportplan) i 1999 vart det vist eit alternativ med tunnel frå Norevik (i enden av rettstrekninga) og til Torvund.

20. mars 2003 gjorde planutvalet i Høyanger kommune vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeidet. Dette arbeidet vart gjennomført av Statens vegvesen i samarbeid med Høyanger kommune.

Vedtak om alternativ forbi Norevik vart gjort av "Det faste utvalet" for plansaker i Høyanger kommune 19. oktober 2004. Det vart då vedteke å legge vegen bak busetnaden slik at ein fekk vegen vekk frå bustadhusa i Norevik. Løysinga medfører at to landbrukseigedomar vert delte opp.

Forslag til reguleringsplan for E39 Torvund–Teigen vart lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 2. mai 2005–6. juni 2005. Det kom inn 23 merknader til planen. I samband med gjennomgangen av merknadane fann ein det rett å gjere nokre endringar av det planforslaget som låg ute til offentleg ettersyn. For område Norevik-Fagernes var endringane så omfattande at ein valde å ha ny offentleg utlegging i tida 10. november–28. november 2005.

Planutvalet i Høyanger kommune handsama saka i møte 1. desember 2005 (sak 05/0045). Høyanger kommunestyre godkjende reguleringsplan for E39 Torvund–Teigen i møte 20. desember 2005 (sak 05/0078).

I samband med oppstarta byggeplanlegging i 2008 vart det avdekka at sjøfyllinga ved stranda i Norevika (Vollen) ikkje let seg gjennomføre pga vanskelege grunnforhold og store stabilitetsproblem. Veglina måtte trekkjast vesentleg inn mot land. Dette medførte at den regulerte løysinga frå 2005 ikkje kunne gjennomførast og det måtte til omregulering. Denne endringa i planen omfatta strekninga frå det austlege tunnelinnslaget på Noreviktunnelen, forbi Vollen/Indredalselva og forbi Fagernes.

Oppstart av omreguleringa vart kunngjort 15. november 2008. Planen låg ute til offentleg ettersyn i perioden 2. mars–2. april 2009. Høyanger kommune godkjente planendringa 16. juni 2009.

Anleggsarbeida starta i januar 2010. Hovudentreprisen startar sommaret 2010.

Sist oppdatert: 24. juni 2010