Bru-tårna får høgde 200 m over fjorden. Seglingshøgda er planlagt til 55 m.
Prosjektet omfattar også 2675 m tunnel og 800 m veg i dagen. I tillegg skal det byggest 900 m gang- og sykkelveg fram til brua.
28. februar 2006 vart Hardangerbrua vedtatt i Stortinget
Prosjektering av brua er utført av bruseksjonen i Vegdirektoratet i samarbeid med innleigde konsulentar. Dette arbeidet starta i slutten av mars 2006. Statens vegvesen Region vest har ansvar for prosjektering av tilførselsvegar og tunnelar.
Bygging av tilførselsvegar starta 26. februar 2009. Bygging av brutårn starta 7. oktober 2009, og var ferdig i mai 2011. Catwalk var ferdig 7. september 2011. Kabelspinninga tok til 6. november 2011.

3D illustrasjon: Hardangerbrua