Prosjektet er lokalisert i eit område med høg landskapsverdi og Hardangerbrua blir synleg frå fleire kantar og på lang avstand. Ei hengebru er i utgangspunktet eit symmetrisk, luftig og samanbindande element i landskapet, men kan og verke forstyrrande.
Det blir små terrenginngrep der brua møter land fordi vegen går direkte inn i tunnel på begge sider av fjorden. Prosjektet medfører lite inngrep i naturmiljøet. Der det er inngrep, er det i natur med lokal verdi. Det vert heller ikkje store konsekvensar for kulturmiljøet. Eit lite stykke av den gamle, lokalt verdifulle grendavegen må leggast om.
Brua vert ikkje langt unna det verneverdige tunet Vallavik, og kan verke som eit forstyrrande element i forhold til opplevinga av kulturmiljøet. I tidlegare planar låg brua nærare Vallaviktunet, men no er ho trekt vel 100 m lenger vest av omsyn til omgivnadene. Det er også gjort store endringar i planane på Bulandssida, nettopp av omsyn til landskap og miljø.
I anleggsperioden vil prosjektleiinga leggje vekt på oppfølging av omsynet til det ytre miljøet. Det er utarbeidd eit særskilt miljøoppfølgingsprogram til hjelp i dette arbeidet.
I det vedtekne prosjektet er brua trekt over 100 m vekk frå det verneverdige tunet i Vallavik. Slik er status i august 2010.
(Foto: Geir Brekke)