Rv. 13 Vallaviktunnelen vert gjenopna som planlagd

Vallaviktunnelen opnar måndag 23. november 2009 kl 06:00 etter åtte veker stenging. Denne måndagen vil det verte kolonnekøyring inntil alle formalitetar knytt til tryggingsgodkjenning er på plass. Pårekna ventetid kan verte mellom 15 og 30 minutt. [19.11.2009]

Arbeid som er utført

I stengeperioden er det sprengt ut rundkøyring for tilkopling til tunnelen mot Hardangerbrua, fire havarinisjer og ei kombinert haverinisje/ snunisje.

Trass i eit omfattande arbeid, har entreprenøren klart å gjere jobben  innan den fristen som var sett. Statens vegvesen er godt nøgd med AF Gruppen si handtering av dette.

Vidare arbeid

Ferdiggjering av rundkøyringa og montasje av ekstra belysning i rundkjøringa er planlagd utført i 2011 og 2012.  Same tidsplan gjeld montering av nye vifter i samband med tilkopling til den nye armen mot Hardangerbrua

Det vil vidare bli vurdert om noko av dei eksisterande tekniske installasjonane i Vallaviktunnelen skal fornyast samtidig.

I samband med elektroarbeid og montasje av teknisk utstyr kan det verte aktuelt at tunnelen vert helt stengd eller nattestengd i ein periode avhengig av omfanget.

Dette vil vi komme attende til så snart det er avklara, og i løpet av 2010.

Kontaktperson i Statens vegvesen
Prosjektleiar Øivind Søvik tlf. 976 88 629