Stengt to netter

Rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen blir stengt to netter i veke 50 på grunn av restarbeid med straum- og telekablar. [02.12.2009]

Tunnelen blir stengt natt til 8. og natt til 9. desember. Stenginga skjer frå kl. 20 om kvelden 7.12. og 8.12.

Trafikken blir avvikla med kontunuerleg kolonnekøyring mellom kl. 20 og 22 desse to kveldane. Mellom kl. 22.00 og 06.00 blir det avvikla fire kolonner i kvar retning gjennom tunnelen.

Fra Granvin går det kolonne kl. 23.25, 01.05, 02.00 og 05.00. Frå Vallavik går det kolonne kl. 23.30, 01.10, 02.20 og 05.05.

Dei som ikkje vil vente på kolonne kan køyre rv. 572 Bruravik-Holven.