Studentar og lærarar ved Voss tekniske fagskule har teke for seg Hardangerbrua som studieobjekt. [10.12.2009]
Dei var godt budde dei 20 studentane som brukte ein undervisningsdag på besøk hos Statens vegvesen i Vallavik. Dei hadde jobba
i lag om nærare 60 viktige og gode spørsmål til prosjektleiinga for Hardangerbrua. Emna gjekk i det vesentlege på tunnel,
betong og HMS-arbeidet ved prosjektet.
Dei fekk innlegg om dei tre emna frå byggjeleiinga. Spørsmål og diskusjon heldt fram i samband med ei synfaring til tunnel-
og betongarbeidet som no pågår ute på prosjektet.
I Vallavik har Veidekke starta førebuande arbeid i byggjegropene for brufundamentet. I tunnelarmen mellom Vallaviktunnelen
og brua pågår det også arbeid, etter gjennomslag i november. Det same gjeld spreikammeret i Vallavik.
I tillegg er aktiviteten minst like høg på Bu, med støyping av tårnsyler, tunneldriving og arbeid med tilrettelegging i spreiekammer.
Ein del av elevane har erfaring frå anleggsbransjen. Statens vegvesen orienterte også om jobbutsikter i etaten og i anleggsbransjen i åra frametter. Med den høge aktiviteten i Voss og Hardanger i åra som kjem er det iallfall behov for mykje folk til vegbygging etter kvart.
Byggjeleiar Bjarne Løne (t.v.) orienterer om bruk av borstål i tunnelarmen til Hardangerbrua i Vallavik. (Foto: Geir Brekke)