Byggestart i Vallavik

Bygging av fundament til tårn på Hardangerbrua er i gang også i Vallavik. [28.01.2010]

Arbeidet med støyping starta 26. januar, og prosessen tok kring 40 timar med samanhengande støyp. Betongblandeverket ligg i Smedavika, berre ein kilometers køyring frå byggjeplassen.

Det er det vestre fundamentet som er først ute. Det austre fundamentet er planlagt støypt i veke 5. Båe fundamenta er på kring 800 kubikk, noko mindre enn tårnfundamenta på Bu, som blei bygde i oktober 2009. På Bu er ein godt i gang med klatrestøyp av tørnsøylene. Same jobben kjem i gang også i Vallavik i februar, når båe fundamenta her er klare.

Det er Veidekke som har betongentreprisen på Hardangerbrua, til ein verdi av 320 millionar kroner. Unicon er underentreprenør på betonglevering.

  • Støyping av første brufundament i Vallavik 27. januar 2010. (Foto: Geir Brekke)
  • Det vestre tårnfundamentet blir støypt først. (Foto: Geir Brekke)
  • Bygging av armeringslagar ved tårnet i Vallavik. (Foto: Geir Brekke)
  • Tårnsøylene reiser seg på Bu. Biletet er frå 27. januar 2010. (Foto: Geir Brekke)