Saka lagt vekk

Politiet har lagt vekk saka etter ulykka i Vallavik 18. mai 2009 som ikkje straffbart tilhøve. Ved ulykka miste ein maskinførar livet under fjellarbeid i Vallavik. [11.02.2010]

Det er politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand som opplyser dette. Konklusjonen er gjort kjent for Statens vegvesen og entreprenøren, AF gruppen, under eit møte i Vallavik.

Saka har vore under svært grundig og omfattande etterforsking, og politiet har hatt bistand frå Arbeidstilsynet og dei involverte entreprenørane.
- Avgjerda om å leggje saka bort som intet straffbart tilhøve, kom etter tilråding frå Arbeidstilsynet, seier Aarsand.

Lærdom
Prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen seier at prosjektet har skjerpa sine rutinar etter hendinga. - Ulykka er ein lærdom for oss alle, seier han, og viser til ein erfaringsrapport som Statens vegvesen Region vest har sendt til Vegdirektoratet.

Søvik legg til at det ikkje har vore personskadeulykker med fråver ved prosjektet sidan hendinga i mai 2009. - Vi vil gjere alt vi kan for å halda dette nivået i HMS-arbeidet vårt vidare på Hardangerbrua, seier han til slutt.

Saka lagt vekkDet blir ikkje reist tiltale mot nokon etter ulykka i Vallavik 18. mai 2009. (Foto: Geir Brekke)