Rv. 13 Vallaviktunnelen blir nattestengt frå tysdag 16. februar kl. 22.00 til onsdag 17. februar kl. 06.00. Det blir fire opningar for kolonnekøyring kvar retning i løpet av natta. [12.02.2010]
Det er to oppgåver som skal løysast av Statens vegvesen og entreprenøren denne natta. Ein må byta glasa i lysarmaturane som blei sette inn hausten 2009. I tillegg er det aktuelt med grøfterensk i tunnelen.
Det blir kolonnekøyring i samband med ferjeavgangane mellom Bruravik og Brimnes. Kolonne går frå Granvin kl. 23.25, 01.05, 02.00 og 05.00. Frå Vallavik går det kolonne kl. 23.30, 01.00, 02.20 og 05.05.
Trafikantar som ikkje vil venta på nattkolonne kan køyra fv. 572 Bruravik-Holven.
Det skal bytast glas på delar av lysarmaturane i Vallaviktunnelen. (Foto: Geir Brekke)