Han føl bygging av Hardangerbrua med kamera kring halsen, som næraste grannen til prosjektet på Bu i Ullensvang. [08.03.2010]
Per Frode Bu er gardbrukar og ligg midt i løypa for anleggsområdet til Hardangerbrua. Både tårn, riggområde og rasteplass med bussterminal ligg på garden hans.
Før anleggsarbeidet tok til i februar 2009 har han nytta høve til å dyrka sin store interesse for fotografering, både på heimebane og på områda på båe sider av fjorden - der Statens vegvesen og entreprenørane no sprenger, grev og byggjer installasjonar til Hardangerbrua.
Per Frode Bu har laga si eiga heimeside – www.bugard.no - der han publiserar bilete og video-opptak frå byggjearbeidet. Han har delt prosjektet inn etter dei lokale stadnamna. Du finn t.d. ein lang serie med bilete frå bygging av brutårnet på Bu under namnet Gangstå.
I samråd med Per Frode Bu har Statens vegvesen laga ei lenke frå denne sida til Per Frode Bu si heimeside, der ein kan følgje byggjearbeidet på Hardangerbrua og rassikringsprosjektet på rv. 13 Brimnes-Bu.