Ventetida på kolonnekøyring gjennom rv. 13 Vallaviktunnelen i Hardanger kan bli inntil 40 minutt, ikkje 20 minutt som Statens vegvesen har informert om tidlegare. [09.02.2012]
Dette er konklusjonen etter ein gjennomgang av erfaringane med ei vekes anleggsdrift i tunnelen, i lag med entreprenørar og vegavdeling Hordaland i Statens vegvesen.
Mogleg omkøyring
Dermed vil det vera rett å skilta alternativ vegrute, som blir fv. 572 via Espelandsdalen og Ulvik, for dei som ikkje vil
venta i inntil 40 minutt på følgjebilen som tek kolonna gjennom Vallaviktunnelen. Skilta kjem opp på fire strategiske punkt
for vegval, ved Holven, Granvin, Bruravik og Ulvik sentrum.
Helgetrafikk
Erfaringane første veke med elektro-arbeid i Vallaviktunnelen viser også at det er fare for ekstra lang kø fredag ettermiddag,
når helgetrafikken kjem. Søndagar – med retur for helgetrafikk, er det som kjent fridag for entreprenøren, og dermed fri ferdsel
gjennom tunnelen. Statens vegvesen vil no vurdera å gjera tiltak som kan lette trafikkavviklinga fredag ettermiddag.
Justeringane er gjort etter tilbakemeldingar frå entreprenørane, og ikkje minst i dialog med trafikantar og kommunane i Indre
Hardanger.
Det kan bli ei dobling av ventetida på kolonnekøyring gjennom rv. 13 Vallaviktunnelen. (Foto: Geir Brekke)