Dialog om Hardangerbrua og nytt vegarbeid

Statens vegvesen har halde ope informasjonsmøte om Hardangerbrua og nytt vegarbeid på båe sider av fjorden. Mange nytta høvet til å stilla spørsmål til prosjektleiinga. [19.10.2011]

Bruarbeidet er noko forseinka, kabelspinninga tek til i november. Det er likevel slakk nok i framdriftsplanen til at Hardangerbrua kan opnast som planlagt i juni 2013.

Vallaviktunnelen

Det nærmar seg kontrakt for elektroarbeidet, som inkluderar omfattande fornying gjennom den 26 år gamle Vallaviktunnelen.

Statens vegvesen tek sikte på å avvikla trafikken med kolonnenkøyring på dagtid mellom kl. 0600 og 2200. Det kan bli periodevis nattestenging eller styrt trafikkavvikling tilpassa ferjetidene Bruravik–Brimnes om nettene.

Arbeidet med elektorinstallasjonane tek til så snart kontrakt med entreprenør er på plass. Arbeidet vil pågå gjennom heile 2012 og fram til ut på våren 2013.

På møtet i Eidfjord blei det peika på at pendlarane kan koma for seint til ferja frå Bruravik på grunn av venting på kolonne i Granvin. Spørsmålet er om ein i betre grad kan tilpassa kolonnetidene til ferjetidene.

Bu–Brimnes

Det nærmar seg også meir vegarbeid på rv. 13 Bu–Brimnes, der byggjesteg 2 mellom Kobbestille og Bugjelet står for tur. Byggjetida er venta å vera eitt år. Her blir det aktuelt med stengingar opp til ein time om gongen på dei rolegaste tidene på dagen, og inntil ein halvtime elles. Ei helg kan det bli stenging under vegomlegginga i Bugjelet.

Rådmann Aud Opheim Lygre i Eidfjord peikte på at det er delt helse-vakt mellom Eidfjord og delar av Ullensvang, og at ein her kunne legge opp tenesta etter planlagd stenging på rv. 13.

Det møtte 35 personar på informasjonsmøtet om Hardangerbrua og nytt vegarbeid i Indre Hardanger 17. oktober 2011Det møtte 35 personar på informasjonsmøtet om Hardangerbrua og nytt vegarbeid i Indre Hardanger. (Foto: Geir Brekke)