Fjellsikringsarbeid har gjennom vinteren pågått i den stupbratte veggen ved tårnet til Hardangerbrua i Vallavik. [24.03.2010]
Bygging av fundament og seinare tårnsøyle har pågått sidan i januar i Vallavik. Før arbeidet tok til var det gjort ein god del sikringsarbeid i den loddrette fjellveggen opp mot den høge tunnelmunninga, som blei sprengt i 2009.
Det har vore ei hending med nedfall av stein undervegs. Dette førte til ei mindre forseinking av byggjearbeidet. Nedfallet førte til at det blei sett i verk ytterlegare fjellsikring.
Mannskapa driv sikring frå ein arbeidsplattform som heng inn mot fjellveggen. Ein byggjekran som står på veganlegget i tunnelmunninga
held plattformen på plass medan sikringsarbeidet pågår.
Det er utført vanleg fjellsikring, med rensking, bolting og oppsetting av fangnett for steinfall.
Tårnet i Vallavik er oppe i to steg med klatreforskaling, eller 8 meter. På Bu er tårnbygginga komen lengre, og nærmar seg 40 meters høgde. Det vil seia at ein er inne i den høgda der den første rigelen skal byggjast. Det skal blir tre slike riglar i dei kring 200 meter høge tårna. Rigel er ein slags tverrbjelke som ligg horisontalt mellom dei to tårnsøylene.
Fjellsikringa for Hardangerbrua i Vallavik pågår frå ein plattform som heng i vaier frå byggjekranen øvst i biletet. (Foto:
Geir Brekke)
To menn driv fjellsikring frå plattformen i Vallavik. (Foto: Geir Brekke)
Studentar frå Høgskolen i Bergen ser på anlegget. (Foto: Geir Brekke)
Det må nyttast arbeidsplattform i den bratte veggen. (Foto: Geir Brekke)
Det er stupbratt i fjellsida der sikringsarbeidet pågår. (Foto: Geir Brekke)