Dei første kontainarane med kabeltråd til Hardangerbrua er levert til byggeplassen på Bu. [11.08.2010]
Bærekabelen til hengebrua skal spinnast på byggjeplassen, og kabeltråden blir levert på tromlar som er plasserte i kontainarar. Første leveranse frå England til Hardanger omfattar tilsaman 88 kontainarar, med tre trådtromlar i kvar kontainar. Dette utgjer kring fjerdeparten av samla leveranse av kabeltråd til Hardangerbrua.
Kabeltråden blir produsert hjå Bridon ltd. i Doncaster, som er underleverandør av MT Højgaard, som har stålentreprisen for brua. Vegen frå Docaster til hamnebyen Goole er ikkje lang. Kontainerskipet ”V.Ushakov” frakta dei 88 kontainarane frå Goole til Bergen, der dei blei lossa. Vidare transport til lagerplassen på Bu i Hardanger gjekk med lastebil, ein kontainar for kvar tur.
Totalleveransen av kabeltråd er på 6 340 tonn. Kvar trommel inneheld 5,7-5,9 tonn med tråd. Det er forventa at leveransen vil utgjere kring 320 kontainarar, delt på fire leveransar. Neste utskiping frå England til Norge blir venteleg i desember i år. Deretter blir det to utskipingar første halvår 2011.
Det er etablert eit avfuktingsanlegg på lagerplassen, som er kopla på samtlege kontainarar som no står oppstilte på Bu i Hardanger, der brutårna reiser seg og forankringsanlegget til Hardangerbrua også er under bygging.
Tilsaman 88 kontainarar med kabeltråd på trommel til Hardangerbrua er førebels levert til byggjeplassen på Bu i Ullensvang.
(Foto: Geir Brekke)
Kontainar-trailar med kabeltråd tek ferja frå Bruravik. (Foto: Geir Brekke)
Kontainere med kabeltråd blir losset i Bergen havn. (Foto: Geir Brekke)
Skipet som frakter kabeltråden over Nordsjøen. (Foto: Geir Brekke)
Kontainarne med kabeltråd står tett lagra på Bu no. (Foto: Geir Brekke)
Det blir nytta avfukting av kabeltråden i kontainarane. (Foto: Geir Brekke)