Kvart tårn

Det første av dei to tårna på Hardangerbrua har passert 50 meters høgde, eller fjerdeparten av totalhøgda på 200 meter. [25.05.2010]

Bygging av tårnet på Bu i Ullensvang ligg eit stykke framfor tårnet i Vallavik i Ulvik. Tånnbygginga på Bu starta tidleg i oktober 2009, medan støyping av brufundamentet i Vallavik kom i gang sist i januar 2010.

Kvar klatreetappe på støyping av tårnsøyle er på fire meter. For tida ligg arbeidet på Bu kring 3–4 forskalingsflytt framom Vallavik, eller 12–16 meters høgde.

På Bu er ein oppe i høgda der den første av dei tilsaman tre tverrbjelkane mellom tårnføtene skal byggjast. Rigel er fagnamnet til denne konstruksjonen, som no er under bygging mellom tårnsøylene på Bu, på sørsida av fjordspennet til Hardangerbrua. Denne blir 21 meter lang og 8 meter høg.

Første støyp på rigelen er botnflata. Deretter blir sidevegane støypte i tilsaman fire operasjonar. Rigeltaket blir støypt til slutt. Byggingen av rigelen strekkjer seg såleis over fleire veker.

Tårna til Hardangerbrua vil kome opp i 100 meters høgde i løpet av hausten, melder Statens vegvesen.

  • Tårnet til Hardangerbrua på Bu har passert 50 meters høgde, og botnen på første tverrbjelken er her på plass mellom søylene. (Foto: Geir Brekke)
  • Toppen av Bu-tårnet med Vallavik i bakgrunnen. (Foto: Geir Brekke)
  • Bu-tårnet 20. mai 2010, sett frå Vallavik-sida. (Foto: Geir Brekke)
  • Forskalingsarbeid på Bu-tårnet på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)
  • Tårntopp på Bu med armeringsjern. Vallavik bak. (Foto: Geir Brekke)
  • Karane er samde om at armerringa er på plass. (Foto: Geir Brekke)
  • Status på Bu-tårnet 20. mai 2010, med rigelarbeid. (Foto: Vidar Trellevik)