Lys på Hardangerbrua

Den hengande gangbrua til mannskapa på Hardangerbrua lyser opp i haustmørket, men det skal ikkje vera lys på kablane når brua er ferdig. [28.10.2011]

Mange trafikantar som ferdast i Indre Hardanger denne hausten har merka seg lysrekkja på catwalken til brua. Statens vegvesen får spørsmål om det blir lysrekkje også på den ferdige brua.

Tilpassa landskapet     

- Svaret er nei, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Brukonstruksjonen skal vera tilpassa fjord- og fjell-landskapet i Eidfjorden i Indre Hardanger. Når det er mørkt i fjorden skal ikkje brua stå fram med eit dominerande lys-språk. Dette er noko vi har vore gjennom med arkitekten som har vore rådgivar og formgivar på Hardangerbrua.

Askøybrua

- Men Askøybrua har jo sitt perlekjede. Ville ikkje noko slikt ha sett ein spiss også på opplevinga av Hardangerbrua?

- Askøybrua ligg i byen, med innsyn frå halve Bergen og heile Sandviken. Risøybrua i Haugesund er eit anna døme på ei by-bru som har fått dekorlys.

Etter at armaturane på kablane på Askøybrua var utslitne og lysa slokna etter kring 10 års tid, fekk brustyret i stand eit spleiselag for investering i nye armaturar. Drifta blir for tida ivareteke av eit energiselskap.

- Noko slikt har ikkje vore på tale for Hardangerbrua, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik.

  • Det er montert lys på catwalken til Hardangerbrua for at brumannskapa skal kunne arbeida også i mørket gjennom vinteren. (Foto: Geir Brekke)

    Det er montert lys på catwalken til Hardangerbrua for at brumannskapa skal kunne arbeida også i mørket gjennom vinteren. (Foto: Geir Brekke)

  • Trafikantane i Indre Hardanger har merka seg lysrekkja på Hardangerbrua denne hausten. (Foto: Geir Brekke)

    Trafikantane i Indre Hardanger har merka seg lysrekkja på Hardangerbrua denne hausten. (Foto: Geir Brekke)

  • Det er montert lysarmaturar på rekkverket (t.v.) til den hengande arbeidsplattformen. (Foto: Geir Brekke)

    Det er montert lysarmaturar på rekkverket (t.v.) til den hengande arbeidsplattformen. (Foto: Geir Brekke)

  • Frå montering av nye armaturar til kablane på Askøybrua for 4-5 år sidan. (Arkivfoto: Sigbjørn Dale, BKK)

    Frå montering av nye armaturar til kablane på Askøybrua for 4-5 år sidan. (Arkivfoto: Sigbjørn Dale, BKK)