Ope møte om Hardangerbrua 17. oktober

Statens vegvesen held ope møte i Eidfjord måndag 17. oktober om status og framdrift på Hardangerbrua, fornying av Vallaviktunnelen, og vidare vegbygging på rv. 13 mellom Brimnes og Bu. [03.10.2011]


Møtet blir halde på Quality Hotell & Resort Vøringsfoss kl. 1730 og varer eit par timars tid.

På Hardangerbrua er det for tida førebuande arbeid til kabelspinning, som vonleg vil ta til siste halvdel av oktober, og pågå nokre månader framover.

Følgjer for trafikken

Det nærmar seg kontraktsinngåing for elektro-entreprisen på bruprosjektet, som og omfattar mykje fornying av el-anlegget i den 26 år gamle Vallaviktunnelen. Det vil bli orientert om korleis ein legg opp til trafikkavvikling gjennom den lange byggjeperioden i tunnelen.

Det er snart anbodsopning på andre byggjesteg på rv. 13 mellom Brimnes og Bu, parsellen Kobbestile–Bugjelet. Status for bygging av tredje byggjesteg Bugjelet–Bu vil det og bli orientert om på det opne møtet i Eidfjord 17. oktober.

Hardangerbrua med arbeidsplattform over fjorden hausten 2011.Hardangerbrua med arbeidsplattform over fjorden hausten 2011. (Foto: Håkon Matre)