No er den første 60 meter lange stålkasse-seksjonen til Hardangerbrua ferdig utvendig mala med sin endelege oransje farge. [29.09.2011]
Dette er fargen på den øvre sideveggen på stålkassen, som vil vera godt synleg frå land når bruseksjonane blir heiste på plass i bruspennet i 2012, og sjølvsagt i ettertid.
Overflatehandsaminga og målinga av seksjonane skjer ved verkstaden til Zhenhua Port Machinery Co., Ltd (ZPMC) i Shanghai, der alle dei totalt 23 stålseksjonane blir bygde.
Bygging av køyrebane-seksjonane har pågått i Shanghai sidan sommaren 2010. Seksjonane er først bygde i 12 meters lengde, og deretter sveisa saman i fem delar til 18 seksjonar i 60 meters lengde og 5 seksjonar på kring 40 meter. Dei kortaste skal monterast kring midten av bruspennet over Eidfjorden. Dei 23 seksjonane skal sandblåsast og målast, innvendig og utvendig. Kvar 60 meters seksjon veg 400 tonn.
Etter planen skal alle seksjonane vera ferdige i Shanghai ut på vinteren 2012, bli frakta med eitt skip til Hardanger ut på våren, og deretter bli heiste opp i bruspennet, seksjon for seksjon.
Den første 60 meter lange køyrebaneseksjonen til Hardangerbrua har fått den oransje fargen på øvre del av sideveggen i Shanghai. (Foto: Jan Ove Nygård)
Den ferdig malte seksjonen ute på verkstadområdet til ZPMC. Verkstaden byggjer også container-kranar til storhamnar over heile verda. (Foto: Jan Ove Nygård)
Kring 700 personar er involverte i bygging av stålseksjonane til Hardangerbrua i Shanghai. (Foto: Geir Brekke)
Det er god framdrift på sveisarbeidet på stålseksjonane til Hardangerbrua i Kina. (Foto: Geir Brekke)
Pussing av skottveggar ved verkstaden til ZPMC i Shanghai. (Foto: Geir Brekke)
Fagfolk frå Statens vegvesen studerar sveisearbeidet på stålseksjon til Hardangerbrua i Kina. (Foto: Geir Brekke)
Stålseksjonane til Hardangerbrua blir bygde i store verkstadhallar i Shanghai. (Foto: Geir Brekke)