Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang og andre gjestar fekk prøvegå delar av tilførselsvegen til Hardangerbrua etter gjennomslagssalven i Butunnelen. [18.02.2010]
- I Ullensvang er vi stolte over dette gigantprosjektet, og ikkje minst dei som utfører arbeidet her, sa Solfrid Borge til folket som hadde samla seg i den romslege rundkøyringshallen under Bu-platået. Grunneigarane på Bu og Brimnes var inviterte til markeringa og feira gjennomslaget i lag med entreprenørane og byggjeleiinga.
- Vi ventar gjerne ein halvtime på rv. 13 når vi er på veg mellom Bu og Brimnes, sa ordføraren. Ho var og oppteken av behovet for fullfinansiering av tilførselsvegane til bruprosjektet, og ville ta dette opp med transportkomiteen på Stortinget.
Prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen gratulerte AF-gruppen med eit vellukka gjennomslag i tunnelen. Tunnelsystemet med rundkøyring og høg portal ut mot brua er lett å teikna, men svært krevjande å byggja, sa han.
Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang på prøvtur i Butunnelen i lag med prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. (Foto:
Geir Brekke)
Eivind Kolle, Statens vegvesen (t.h.) ventar på salven. (Foto: Geir Brekke)
Ordførar Solfrid Borge trykker av gjennomslagsalven. (Foto: Geir Brekke)
Ordførar Solfrid Borge gratulerer Øivind L. Søvik. (Foto: Geir Brekke)