Rekord-besøk til Hardangerbrua

Tilsaman 784 besøkte Statens vegvesen som byggherre for Hardangerbrua i 2011, mot 620 i 2010. [25.01.2012]

Tilsaman 47 besøksgrupper er loggførte på prosjektet i fjor, mot 43 året før. Dei fleste gjestane er norske, men i 2011 hadde Hardangerbrua besøk både frå Russland og Sør-Korea.

Fjord-tur

Statens vegvesen har sett ei grense på kring 50 gjestar pr. dag, som svarar til ein stor, full buss. Dette er gjort av omsyn til tryggleiken under synfaring og kapasiteten i gjestestova i Vallavik.

2012 blir det store montasjeåret på Hardangerbrua. Ved besøk av fleire enn 50 personar om gongen vil prosjektleiinga kunne visa til opplegg med båt frå t.d. Ulvik og tur på fjorden til hovudspennet over Eidfjorden.

  • Malin Bu var ein av mange som kom då Statens vegvesen baud inn til nabotreff på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

    Malin Bu var ein av mange som kom då Statens vegvesen baud inn til nabotreff på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

  • Det er populært å ha med seg eigne foto-minne frå synfaringa på Hardangerbrua, ikkje minst om du er russisk bruingeniør frå Kathy Mansky. (Foto: Geir Brekke)

    Det er populært å ha med seg eigne foto-minne frå synfaringa på Hardangerbrua, ikkje minst om du er russisk bruingeniør frå Kathy Mansky. (Foto: Geir Brekke)

  • Gjestar frå Samsung C&T Corporation i Sør-Korea får informasjon om Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

    Gjestar frå Samsung C&T Corporation i Sør-Korea får informasjon om Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

  • Assisterande byggjeleiar Ingar Fasteland frå Statens vegvesen (i midten) informerar etats-kolleger frå storprosjektet E18 Ørje–Vinterbro, t.v. prosjektleiar Bettina Sandvin og t.h. Linda Kjellin Karlsen. (Foto: Geir Brekke)

    Assisterande byggjeleiar Ingar Fasteland frå Statens vegvesen (i midten) informerar etats-kolleger frå storprosjektet E18 Ørje–Vinterbro, t.v. prosjektleiar Bettina Sandvin og t.h. Linda Kjellin Karlsen. (Foto: Geir Brekke)

  • Jo Gaute Fornes frå bruprosjekteringsseksjonen til Statens vegvesen i Stavanger studerer kabeltråd som skal spinnast på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

    Jo Gaute Fornes frå bruprosjekteringsseksjonen til Statens vegvesen i Stavanger studerer kabeltråd som skal spinnast på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

  • Ingar Fasteland (t.h.) orienterar etatskolleger om forankrinngsanlegget til Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

    Ingar Fasteland (t.h.) orienterar etatskolleger om forankrinngsanlegget til Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

  • Tilsette ved plan- og forvaltingsseksjonen til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane på besøk til Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)

    Tilsette ved plan- og forvaltingsseksjonen til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane på besøk til Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)