Mannskapa som byggjer Hardangerbrua har ein tøff jobb, men utsikten frå arbeidsplassen er det mange som misunner dei. [25.08.2010]
Ved passering av 100 meter tårn på Bu fekk inviterte gjestar høve til å prøva den tyskbygde heisen opp til øvre stasjon og sjå nærare på arbeidet med siste finpuss før klatrestøyp nr. 24, frå 99 til 103 meter over botnen av brufundamentet. Utsikten er framifrå i alle retningar i denne høgda.
– Vi er stolte av jobben de gjer, sa Asbjørn Valen i Statens vegvesen då byggherre og entreprenør Veidekke markerte passering
av halve høgda på brutårnet. Han leiar bruarbeidet på prosjektet for byggherren, og var godt nøgd med tilhøva på byggjeplassen.
Han konstaterte at markeringa skjedde nøyaktig fire månader før jul.
– Det hadde vore kjekt om vi kunne plante juletre i toppen på tårnet. Slikt gjer vi som kjent før jul, og ikkje etter, smilte
Valen, og baud brumannskapa til å forsyna seg av ei spesiallaga bru-kake.
Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang takka Statens vegvesen og Veidekke for vel utført arbeid så langt. Det kan vere verhardt her på Bu om vinteren, la ho til, som lommekjend i området.
Prosjektleiar Halvar Leren i Veidekke takka for godt samarbeid med Statens vegvesen, og minna om at det står att 60 prosent av betongentreprisen, som og omfattar forankringsanlegg og tunnelportalar, i tillegg til brutårna på båe sider av fjorden.
Brumannskapa har utsikt over Hardanger, som her mot Eidfjord. (Foto: Geir Brekke)
Asbjørn Valen leiar bruarbeidet på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)
Ei hjelpande hand under klatring heilt til toppen. (Foto: Geir Brekke)
Vegvesenet baud på kake til bru-byggjarane. (Foto: Geir Brekke)
Ordførar Solfrid Borge på 100 meters-merket. (Foto: Geir Brekke)
Ordførar Solfrid Borge gratulerte med 100-meteren. (Foto: Geir Brekke)
Halvard Lehren frå Veidekke rosar samarbeidet. (Foto: Geir Brekke)