Vassikring av tunnelane

Montasje av vassikringsplater pågår for fullt på tilførselstunnelane til Hardangerbrua. [12.04.2010]

Kring 2.100 meter tunnel er fullført i vinter, 700 meter i Vallavik og 1.400 meter på Bu. Mellom 60 og 70 prosent av tunnelane treng vassikring. Dette er eit normalt volum på nye tunnelanlegg etter dagens krav frå Statens vegvesen.

Det blir lagt skumplater i heile tunnelprofilet, festa til fjellet med boltar. Deretter skal det leggast armeringsnett over platene, før det blir påført 8 cm med sprøytebetong, inkludert polyprofilenfibre. Tilsaman kring 28.000 kvadratmeter med skumplater, eller såkalla PE-skum, skal monterast, av dette 20.000 i Butunnelen.

Platene i den nye Vallaviktunnelen mot Hardangerbrua kjem på plass til 17.mai. Platemontasjen i Butunnelen skal gjerast når entreprenøren er ferdig i Vallavik i mai, og arbeidet på Bu vil pågå eit stykke ut på hausten.

  • Innfesting av vassikringsplater i dei nye tunnelane til Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke)
  • Det blir brukt arbeidsplattform under platelegginga. (Foto: Geir Brekke)
  • Arvid Thorvik (t.v.) i samtale med tunnelmannskap. (Foto: Geir Brekke)
  • Det går med 28.000 kvm med skumplater i tunnelane. (Foto: Geir Brekke)
  • Det blir brukt plattform som kan løfteast til taket. (Foto: Geir Brekke)
  • Skumplatene dekkjer heile tunnelprofilet. (Foto: Geir Brekke)
  • Kontrolling. Arvid Thorvik sjekkar platemontasjen. (Foto: Geir Brekke)
  • Det er armeringsnett utanpå vassikringsplatene. (Foto: Geir Brekke)