Skredsikring i Region vest

Kvart år går det mange skred på vegane på Vestlandet og skredulukker har ført til fleire dødsfall og varige personskader. Skred og stengde vegar fører i tillegg til mange og store problem for trafikken på vegane.

Skredsikringsplanen for Region vest skal vise dei mest skredutsette punkta på riks- og fylkesvegnettet i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Skredsikringsplanen omfattar 691 skredpunkt på riks- og fylkesvegnettet.

For ein del av dei skredutsette punkta i planen kjem Statens vegvesen med forslag til tiltak for å redusere skredfaren og eit overslag over kva tiltaket vil koste.

Skredsikringsplanen er ein del av grunnlagsarbeidet for Handlingsprogram i Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2014–2023.

Skredsikringsplanen vil ikkje bli trykt opp, men den ligg tilgjengeleg til nedlasting på denne sida.

Sist oppdatert: 19. desember 2011