Dette er ei vidareføring av Bremangersambandet 1 som knytte Bremangerlandet til fastlandet. Sjølv om Bremangerlandet vart knytt til fastlandet har ein på grunn av den dårlege og lange vegen til kommunesenteret Svelgen og til resten av hovudvegnettet, likevel hatt ferjedrift mellom Kjelkenes og Smørhamn.

Bremangersambandet 2 kortar ned vegen frå Bremangerlandet til Svelgen med 40 km (ca. 45 min), og fører til at ein kan legge ned ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn. Sambandet omfattar utbetring av 2,1 km med veg på strekninga Kolset–Leirgulen inkludert gang-/sykkelveg (skuleveg), utbetring av to krappe kurver og tunnelen på strekninga Leirgulen–Bortnen, og ny veg og tunnel frå Bortnen til Sørdalsvatnet.
| Veg: | Fv. 616 |
|---|---|
| Fase: | Byggefase |
| Kommune: | Bremanger |
| Fylke: | Sogn og Fjordane |
| Prosjekteier: | Sogn og Fjordane fylkeskommune |