
Tysdag 1. september vart E16 ved Gudvangen stengt etter ras. Svein Helge Frækaland, geolog i Statens vegvesen, opplyste at raset var stort og at om lag 5-6000 m3 masse måtte ryddast vekk før vegen kunne opna att. E16 var stengt i fleire dagar medan oppryddingsarbeidet gjekk føre seg. E16 vart opna for trafikk att laurdag 5. september. Sidan november 2008 har det gått seks ras på E16 ved Gudvangen, tre av desse har hamna i vegen. Før den tid er det ikkje registrert verken ras eller steinsprang på denne strekninga. Strekninga har difor ikkje lege inne i den regionale rassikringsplanen.
Statens vegvesen er no i gang med å utgreie ulike alternativ for å sikre den rasutsatte strekninga i Nærøydalen. Rapporten skal vere klar innan 15. oktober i år.
| Veg: | E16 |
|---|---|
| Fase: | Utredningsfase |
| Kommune: | Aurland |
| Fylke: | Sogn og Fjordane |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |