Eksisterande E16 frå Nystuen til Sogn og Fjordane grense har relativt bra standard, men vegen er utsett for snøproblem som fører til kolonnekøyring og stenging.

Målet med prosjektet er at E16 skal få fullgod standard og at vegen vert utforma slik at det vert lettare å drifte og holde vegen open om vinteren.
Strekninga er ein del av utbetringa av E16 frå Øye i Valdres til Borlaug i Lærdal, eit prosjekt som ligg inne i NTP 2010-2019 og har ein eigen post på statsbudsjettet. Hovudmålsetjinga for heile prosjektet er å få riksvegstandard og ein vintersikker veg over Filefjell.
Reguleringsplan for utbetring av E16 frå Oppland grense til Smedalsosen låg ute på høyring frå 11. februar til 28. mars 2011. Reguleringsplanen er vedteken.
| Veg: | E16 |
|---|---|
| Fase: | Planfase |
| Kommune: | Vang |
| Fylke: | Oppland |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |