Hovedside/Vegprosjekter/E16 Varpe bru–Nystuen

E16 Varpe bru–Nystuen

Reguleringsplan for E16 frå Varpe bru til Nystuen er no ute på høyring, inkludert konsekvensanalysen av dei to traséalternativa. Frist for merknader er 9.mars 2012. Plandokumenta finn du her på prosjektsidene, eller i papirutgåve hjå Vang kommunehus og på Filefjell kjøpesenter.

Arbeidet med reguleringsplan for ny E16 frå Varpe bru til Nystuen starta i 2008, men vedteken trasé langs Otrøvatnet kunne ikkje byggast på grunn av skredfare og omfang av tiltak langs vatnet for å sikre veg/tunnelmunning mot ras.

I april 2011 varsla Statens vegvesen på nytt om arbeidet med reguleringsplan frå Varpe bru til Nystuen, denne gangen med konsekvensanalyse for alternative trasear vest for tunnel. Samstundes vart planprogram for konsekvensanalysen lagt ut på høyring.

Etter høyringsrunde av planprogram og ein utsilingsprosess vart det gjennomført konsekvensanalyse av to alternativ, alternativ 3 – Sildebakken og alternativ 4 – Sandbakkand. Omsyn til nærmiljø og friluftsliv, naturmiljø, kulturminne og landskapsbilete har vore vektlagt, og på bakgrunn av dette vart alternativ 3 tilrådd.

E16 Varpe bru–Nystuen
Veg: E16
Fase: Planfase
Kommune: Vang
Fylke: Oppland
Prosjekteier: Statens vegvesen