Reguleringsplan for E16 frå Varpe bru til Nystuen på Filefjell vil ligge ute til offentleg ettersyn fram til 9.mars. [24.01.2012]
Alle som vert råka av planframlegget vil få tilsendt eit informasjonsskriv og eit oversiktskart som viser kva areal reguleringsplanen omfattar.
Kart, plandokument og konsekvensutgreiing finn du i papirutgåve hjå Vang kommune og på Filefjell kjøpesenter, eller du kan laste det ned her på vegvesen.no.
Ope møte og kontordag
Torsdag 1. mars klokka 19:00 vert det ope møte om E16 på rådhuset i Vang.
Vil du snakke med nokon i Vegvesenet har du også høve til å møte oss på to kontordagar:
Frist til å komme med merknader til planforslaget er 9.mars 2012.
Merknader må vere skriftlege og sendast til:
Statens vegvesen Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger
Merk brevet med saksnummer 2011/052545
Etter høyring av planen vert alle innkomne merknader vurderte av Statens vegvesen. Desse vurderingane saman med merknadane og eventuelt endra plan vert deretter sendt til Vang kommune for politisk handsaming.
Har du spørsmål til planen? Kontakt Iren Meisterplass, Statens vegvesen Region vest, tlf.: 57 65 57 23