Alternativa 1 – Nystuen og alternativ 2 – Øvre Jordet har for mange ulemper og uheldige konsekvensar. Konklusjonen er at at desse to alternativa difor vert lagt vekk. [03.11.2011]
Silingsdokumentet tek utgangspunkt i vedteke planprogram der det vert skissert fire alternative vegløysingar vest for tunnel.
Planprogram for konsekvensanalysen vart vedteken av kommunestyret i Vang kommune 23.juni 2011, sak nr 032/11.
I følge kap 2.1 i planprogrammet kan alternativ silast vekk dersom det vert funne at alternativet ikkje kan gjennomførast
eller konsekvensane for alternativet erfor store. Dette skal dokumenterast.
Silingsdokumentet som no er lagt fram tek føre seg alternativ 1 – Nystuen og alternativ 2 – Øvre Jordet frå planprogrammet. Det er gjort ei grov vurdering av desse to alternativa, inkludert skisser som viser forslag til korleis dei kunne vore løyste. Vidare er det gjort ei overordna vurdering av konsekvensar basert på dei skisserte løysingane.
Med bakgrunn i dette arbeidet rår Vegvesenet til at alternativ 1 og 2 vert luka vekk, medan dei to resterande alternativa går vidare til ei grundigare konsekvensanalyse og utarbeiding av reguleringsplan..