Korleis skal det framtidige transportsystemet mellom Aksdal og Bergen sjå ut? Arbeidet med konseptvalutgreiinga (KVU) E39 Aksdal-Bergen skal resultere i ei anbefalt løysing om vidare planlegging og utbygging.
KVU-arbeidet skal kartleggje kva behov som er knytt til transportsystemet mellom Aksdal og Bergen og dei områda rundt som blir påverka av kva løysing ein vel for denne strekninga.
Eit konsept kan sjåast som ein prinsipiell måte å løyse eit behov på. Skal ein gjere det under, over eller på vatn? Bør strekninga bli ferjefri med fjordkryssing i undersjøisk tunnel eller over bru, eller skal ein halde fram med ei eller anna form for ferjevariant over fjorden?
Arbeidet med KVU-en skal vere ferdig 1. mars 2011. Regjeringa skal deretter med utgangspunkt i KVU-en, høyringsutsegner frå lokale og regionale myndigheiter og ulike interessegrupper, samt rapport frå konsulentar som kvalitetssikrar KVU-en, vedta konseptval (eller skrinlegge prosjektet), og legge rammer for vidare planlegging.
| Veg: | E39 |
|---|---|
| Fase: | Utredningsfase |
| Kommuner: | Bergen, Os, Stord, Haugesund |
| Fylker: | Rogaland, Hordaland |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |