Modell av den nye ferjekaien. (Illustrasjon: Statens vegvesen)
Anda ferjekai ligg på Andenes mellom Utfjorden og Gloppefjorden i Gloppen kommune. Eksisterande ferjelem og pir er for liten, og landområdet på Anda har for liten oppstillingskapasitet. i tillegg er geometrisk standar for tilkomst til kaiområdet dårleg.
Entreprisen omfatter både ny ferjekai og nytt landområde med tilførselveg, oppstillingsplassar, parkeringsplassar og servicebygg, i tråd med godkjente reguleringsplanar.
| Veg: | E39 |
|---|---|
| Fase: | Byggefase |
| Kommune: | Gloppen |
| Fylke: | Sogn og Fjordane |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |