
Prosjektet omfattar ein ny firefeltsveg frå rundkøyring i Vågsbotn til kryss ved Haukås Næringspark. Vegen skal gå i tunnel
gjennom Eikåsen.
Over rundkøyringa i Vågsbotn blir det ein viadukt (bru over veg); den blir ein direkteforbindelse for trafikken frå Åsane
til Nordhordland.
Ny lokalveg rundt Vikaleitet får ein eigen arm i den nye rundkøyringa i Vågsbotn. Den blir lagt over tunnelportal og ført
inn på E39 igjen på motsatt side i eit nytt lyskryss.
I tillegg skal ein også byggje ein gang- og sykkelveg gjennom ein kulvert under E39 ved krysset til Haukås Næringspark.
Oppstart bygging etter planen våren 2012
| Veg: | E39 |
|---|---|
| Fase: | Byggefase |
| Kommune: | Bergen |
| Fylke: | Hordaland |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |