Finansiering

Kvivsvegen A/S vart skipa i 1985. Selskapet sitt føremål var å medverke til fullfinansiering og realisering av Kvivsvegen. Det vart bygd opp ein aksjekapital på 45,6 mill. kr. To fylkeskommunar og 10 kommunar eig over 60 prosent av selskapet. Dei andre aksjonærane er bankar, næringsliv og private.

I Stortingsmelding nr 21 (1994-1995) om Kyststamvegen Kristiansund-Bergen-Trondheim vart det vedteke at val av korridor på strekninga mellom Nordfjordeid og Volda skulle avgjerast på fylkes- eller kommunenivå. Før byggjestart var prosjektet gjennom fleire rundar i Stortinget og underlagt ei brei kommunal og fylkeskommunal handsaming.

Endeleg søknad frå Kvivsvegen AS om bompengefinansiering vart sendt Statens vegvesen 17. november 2006 for vidare kommunal og fylkespolitisk handsaming. Fylkestinget i Sogn og Fjordane fylke godkjente søknaden 27. mars 2007. Fylkestinget i Møre og Romsdal godkjente søknaden 17. april 2007.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete gjorde 27. mars 2008 eit framlegg om statleg fullfinansiering av Kvivsvegen. Forslaget hadde som vilkår at at aksjekapitalen til bompengeselskapet vart omdisponert til forskottering utan krav om kompensasjon for prisstigning. Forslaget vart godkjent og det blei inngått ein forskottsavtale med dei 13 største aksjonærane i Kvivsvegen AS om at midlane vart utbetalt i 2009, med tilbakebetaling i 2020.

Prosjektet er kostnadsrekna til 1045 millionar 2008-kronar og vert finansiert med statlege midlar og med forskottering  av 44,4 mill frå Kvivsvegen AS. Av større kostnadselement kan positive eller negative endringar i føresetnadene for  tunnelkalkylane gje store utslag i totalkostnadane for prosjektet.

Ved oppstarten av prosjektet i 2009 vart flg. finansieringsplan lagt til grunn:

Finansiering

2009

2010

2011

2012

2013

2020

Stat

40

275

400

275

10

45

Forskot – 13 aksjonærar

Kvivsvegen A/S

 

45

 

 

 

 

 

- 45

Akkumulert

85

360

760

1035

1045

1045

      * Beløpa er i millionar 2008- kroner