Prosjektet har utarbeidd ein kvalitetsplan med ei miljøsjekkliste for bygge- og anleggsfasen. Dette er gjort for å avgrense makismalt eventuelle skadeomfang av anleggsdrifta.
Utslepp av vatn frå tunneldrifta er pålagt strenge restriksjonar, og det er innført strenge rensekrav for tunneldrift ute.
Ein av dei største paddebestandane i Noreg finns ved Fyrde og har ført til utfordringar i utbyggjinga. Vegen skjærer gjennom paddene sitt vandreområde. Vandringa er særleg stor om våren, i perioden mars-mai. Det vert brukt betydelege midlar for å sluse paddene inn i ei trygg vandrerute for biltrafikken. Det vert bygd sju paddeundergangar kombinert med ledeveggar av betongelement på begge sider av vegen. Betongelementa vert avslutta mot eit tett sikringsgjerde rundt tunnelopninga på Fyrdsbergtunnelen slik at paddene ikkje kjem inn på det nye vegområdet.
Foto: Harald M. Walderhaug