Statens vegvesen opna 5,5 km av den framtidige E39 Kvivsvegen 15. desember. No kan trafikken gå utanom tettstaden Fyrde og gi tryggare skuleveg til ungane – heile 9 månader før resten av Kvivsvegen vert opna. [16.12.2011]
- Tunnelane og vegen var likevel ferdige og det var eit sterkt lokalt ønskje om å ta dei i bruk. Vi syntes heller ikkje det var riktig at dei skulle stå ubrukte heilt fram til september neste år, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen.
Det er den 1125 meter lange Fyrdsbergtunnelen, 170 meter lange Damfosstunnelen og over 4 kilometer veg mellom Geitvika og krysset ved Eidsvatnet som vert opna.
Tunnelane er godkjente av Vegdirektoratet og tryggingsutstyret er direkte kopla opp mot Vegtrafikksentralen. Fram til resten av Kvivsvegen opnar 22. september 2011 vil det vere skilta som anleggsområde og fartsgrensa er satt ned til 50 km/t.
| Første salve Fyrdsbergtunnelen | Rasmus R. Aarflot, 12.11.2010 |
| Gjennomslag Fyrdsbergtunnelen | Ragnhild Aarflot Kalland, 10.05.2011 |
| Lengde Fyrdsbergtunnelen | 1125 meter |
| Lengde Damfosstunnelen | 170 meter |
| Sprengingsvolum | 82 000 m3 |
| Boltar til fjellsikring | 5063 boltar (4,5 pr. meter i snitt) |
| Sprøytebetong til fjellsikring | 3115 m3 (2,8 m3 pr. meter tunnel) |
| Vass- og frostsikring | 21 000 m2 |
| Vegar i dagen | ca 4000 meter |
| Hovudentreprenør | Mesta AS |
| Underentreprenør massetransport og vegbygging | K. A. Aurstad AS |
| Elektroarbeid | One Kraftmontasje |
| Total lengd på opna veg | 5500 meter |
Solbjørg Leite frå Austefjorden var første bilist gjennom Fyrdsbergtunnelen og fekk med seg krus og refleks på ferda frå kontrollingeniør
Gro Kjoss Lynge i Statens vegvesen. Foto: Anne Marit Ø. Johansen