Planstyresmakt: Kommunane Randaberg, Kvitsøy og Bokn. E39 Rogfast går gjennom tre kommunar og vi har difor tre planstyresmakter som kvar skal fastsette sine arealplanar for prosjektet.
Tiltakshavar: Statens vegvesen
Ansvarleg styresmakt for konsekvensutgreiinga: Rogaland fylkeskommune
Statens vegvesen vil gjennomføre plan- og utgreiingsarbeidet i nært samarbeid med kommunane Randaberg, Kvitsøy og Bokn og Rogaland fylkeskommune. Internt i Statens vegvesen vert planarbeidet styrt av Stategistaben i Region vest.
Prosjektråd
Det er oppretta eit prosjektråd som skal fungere som referansegruppe i planarbeidet. I prosjektrådet finn vi fylkesordførar,
ordførarar i dei berørte kommunane og ein del nabokommunar, LO, NHO.
Kontaktgruppe
Det er etablert ei kontaktgruppe der fagpersonell i dei tre berørte kommunane deltek saman med Rogaland fylkeskommune, fylkesmannen
i Rogaland og Stavanger sjøfartsmuseum.