Konsekvensar

E39 Rogfast vil erstatte dagens vegsamband over Rennfast som stamveg mellom Stavanger og Bergen. Ferjesambandet Mortavika-Arsvågen vil også bli erstatta av Rogfast. Grunna sterk trafikkauke vil det snart vere behov for ei tredje ferje i dette sambandet. I tillegg vil E39 Rogfast erstatte ferjesambandet Mekjarvik-Kvitsøy (ferjesambandet Mekjarvik-Skudesneshamn vil bli nedlagt allereie ved opninga av T-forbindelsen).

E39 frå Stavanger og nordover er hovudvegåra på Vestlandet som bind landsdelane saman. E39 Rogfast vil gi eit ferjefritt og raskt samband mellom Stavanger og Haugesund og korte ned reisetida mellom Stavanger og Bergen.

- - - -

"Transport bidrar til å skape markeder og muligheter. Transport er derfor et helt avgjørende element i næringspolitikken. En næringspolitikk som ikke har transport som sentralt element, vil mislykkes. Særlig viktig er det å satse på utbygging av transport-infrastruktur i Norge hvor avstandene er store innenlands og til viktige eksportmarkeder."

Samferdslekomitéen i Stortinget
i si innstilling til Nasjonal transportplan
2002-2011