Statens vegvesen har utarbeida kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Rogfast. Denne låg ute til offentleg ettersyn frå 13. juli til 25. september 2007.
Arbeidet med kommunedelplan /konsekvensutgreiing er ei revidering av konsekvensutgreiinga for E39 Kyststamvegen – Boknafjordkryssinga frå 2003. På grunnlag av denne utgreiinga vart det utarbeida fylkesdelplan for prosjektet der fylkestinget i Rogaland vedtok undersjøisk tunnel frå Randaberg til Bokn med arm til Kvitsøy som framtidig løysing for kryssing av Boknafjorden. For at prosjektet skal kunne vurderast i neste revisjon av Nasjonal transportplan er det no laga meir detaljerte planar.
Dei tre kommunane er ansvarlege planstyresmakter og skal vedta planane. Rogaland fylkeskommune er ansvarleg styresmakt for konsekvensutgreiinga og skal sjå til at utgreiingsplikta er oppfylt.