Ferjefri E39

Statens vegvesen har fått i oppdrag å sette i gang eit prosjekt som skal greie ut kva for potensial ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar. Det skal òg gjerast ein jobb med å greie ut og vurdera teknologiske løysingar for fjordkryssingar. I tillegg til desse to delprosjekta skal det vurderast korleis tekniske anlegg for fjordkryssingane kan nyttast til å utvinne kraft frå straum, bølgjer og vind. Og det skal vurderast kva type gjennomføringsstrategiar og kontraktsformer som er best eigna for eit prosjekt av så stort omfang.

Prosjektet gjeld for E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Arbeidet skal leiast av ei styringsgruppe. Fylkesordførarar frå seks fylker, regionvegsjefane i vest, sør og midt og direktørane for Trafikktryggleik, miljø og teknologiavdelinga (TMT) og Veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen, er medlemmer av gruppa som blir leia av Vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Representantar for nærings- og arbeidslivsorganisasjonar og andre naturlige offentlige og private interessegrupper skal utgjere ei referansegruppe for prosjektet.

Ferjefri E39
Fase: Utredningsfase
Kommuner: Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Songdalen, Søgne, Lindesnes, Lyngdal, Kvinesdal, Eigersund, Sandnes, Stavanger, Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Randaberg, Rennesøy, Bokn, Tysvær, Bergen, Sveio, Stord, Fitjar, Os, Meland, Lindås, Fedje, Gulen, Høyanger, Gaular, Jølster, Førde, Eid, Gloppen, Molde, Ålesund, Volda, Ørsta, Ørskog, Skodje, Sula, Vestnes, Gjemnes, Tingvoll, Halsa, Trondheim, Hemne, Orkdal, Melhus, Skaun
Fylker: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag