Arbeid med planar for et fast vegsamband mellom Finnøy og Rennesøy har gått føre seg sidan 1980-tallet, i samband med arbeidet med Transportplan for Ryfylke som vart godkjent i 1987. Transportplanen inneholdt eit nett av bruer og tunnelar som skulle knytte fleire av øyene i Finnøy til Rennesøy og vidare til fastlandet gjennom Rennfast. I 2001 blei det utarbeida ein fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke 2002-2011. Planen vart godkjent av Miljøverndepartementet i 2002. Finnfast inngår som eit element i "Ryfylkepakken", som er ein samla strategi for å løyse transportutfordringane i ein region der fleire kommunar har vanskelegheiter med å oppretthalde busetnaden.
Konsekvensutgreiinga for prosjektet blei godkjent i 2001 og reguleringsplanen blei godkjent i 2003 (Finnøy) og 2004 (Rennesøy). Bomstasjonen på Sokn inngår i reguleringsplanen for prosjektet.
Finnfast vil koble saman øyene Finnøy, Rennesøy og Talgje.