Fest på fredag: Finnfast er ferdig!

Statens vegvesen inviterer til opning av den undersjøiske tunnelen mellom Rennesøy og Finnøy, fredag 30. oktober. Opninga skal gå føre seg på Ladstein ferjekai på Finnøy, og det er samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa som skal klyppe snora. [29.10.2009]

Programmet ute:

  • kl. 1045 Alexander Brass Kvintett spelar
  • kl. 1100 Regionvegsjef Olav Ellevset ønskjer velkomen til vegopning
  • kl. 1110 Tale ved ordførar i Finnøy, Kjell Nes
  • kl. 1140 Snorklypping ved samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa
    - servering av kake til alle
  • kl. 1230 Middag for inviterte gjester i Flerbrukshallen på Judaberg

Det er venta at første bil kan køyre gjennom tunnelen ca. kl. 1200.
Innkrevjinga i bomstasjonen på Hanasand startar kl. 1700.

– Vi gler oss til opninga, seier prosjektleiar for Finnfast, Rolf Harkestad. Det har vore tre spennande år. – Vi er svært nøgde med at vi har bygt ein trygg og flott tunnel. Byggeleiar Anne-Merete Gilje som har hatt sin daglege arbeidsplass på anleggskontoret på Hanasand dei siste tre åra gir også skryt til entreprenøren, NCC Construction AS.

Ferjeruta blir lagt ned

M/F Finnøy går frå Hanasand kl. 1150 til Fogn kl. 1235 med retur til Ladstein der ruta vert avslutta. Sjå elles nye ruter på www.tide.no