Hovedside/Vegprosjekter/Fv. 62 Fjelbergsambandet

Fv. 62 Fjelbergsambandet

Fjelbergøy og Borgundøy er naboøyar til Halsnøy som får vegsamband til fastlands-Kvinnherad i 2008.

Fjelbergøyane er knytt til Halsnøy med eit fylkeskommunalt ferjesamband - Fjelbergruta. Dette sambandet har relativt låg frekvens og ferjene sluttar å gå tidleg på kvelden. Dette er ikkje ei tenleg løysing etter notidas krav til reisefridom og effektiv kommunikasjon. Det har derfor lenge vore eit ønskje om at også desse to øyane skulle få eit betre samband med resten av kommunen og omverda.

Tiltaket utløyser krav om konsekvensutgreiing etter reglane i Plan- og bygningsloven kap. VII a med forskrifter.  Kvinnherad kommunestyre vedtok 23.11.2006 endeleg planprogram for prosjektet. I følgje planprogrammet skal to ulike konsept utgreiast: 1) Eit forbetra ferjetilbod. 2) Ferje mellom Halsnøy og Fjelbergøy og i tillegg fast vegsamband mellom Fjelbergøy og Borgundøy. For begge konsepta føreligg fleire alternativ.

Kommunedelplan

Statens vegvesen har utarbeidd kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing for Fjelbergsambandet. Kvinnherad kommune gjorde vedtak om å legga planen ut til offentleg gjennomsyn i perioden 7. mai–13. juni 2008.

Evt. merknadar vert å senda Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Fv. 62 Fjelbergsambandet
Veg: Fv. 62
Fase: Utredningsfase
Kommune: Kvinnherad
Fylke: Hordaland